jordas.png

klodesnitt.jpg

Jorda var lenge ei glødande kule av smelta lava, men kjølte seg etter kvart ned nok til å kunne ha flytande vatn, og ei oksygenholdig atmosfære, og dermed grunnlaget for liv på jorda. Korleis ser jorda ut inni nå, og korleis har det blitt slik? Det kan du lese om her.

Jordskorpa som er det yttarste av fleire lag, har sterkt varierande tjukkleik. Under dei store hava er den bare omkring 7000 meter tykk, mens kontinentalskorpa er mellom 10 000 og 70 000 meter tykk, med eit gjennomsnitt på cirka 40 000 meter.

Ein vulkan dannas når magma nærmar seg overflata, dannar eit magmakammer, og til slutt bryt gjennom overflata. Magmaen kan så flyte nedover fjellsida som lava, eller sendes ut som ask. I nokon tilfelle kan det også sendast ut som delvis smelta steinblokkar eller glødande skyar. Dette skjer då platene dreg frå kvarandre.

Jordskjelv er eit plutselig brot i jordskorpa av naturlig opprinnelse som er av ein slik karakter at det sendes ut bølgjer i form av rystelse. Jordskjelv skuldas langsame bevegelsar i jordskorpa som over tid skapar spenningar i jordskorpa som kan bli så store at den aktuelle bergarta til slutt gir etter, og plutselege forskyvingar oppstår.

Mantelen ligg under jordskorpa og over jordas kjerne. Det finst to forskjellige mantlar: Ytre og indre mantel. Den yttarste delen av mantelen består av faste, tunge bergartar. Den indre mantelen består av flytande bergmasse.

Kjerna finn vi heilt innerst i jorda. Kjerna delast som oftast i to. Ytre kjerna består av flytande nikkel og jern. Den er 2300 km tjukk, like stor som mars. Indre kjerna består av fast nikkel-jern blanding og er 1200 km tjukk, like stor som månen.



start.jpg
Klikk her for omvisning om jordas indre



Vulkanar

Jordskjelv

Mantelen

Kjerna

Kilder





earth_core_1.jpg